Vi treng alle oppgløding både til å vere gode medmenneske og til å gjere gode ting. Det dukkar rett som det er opp nokon som eg merkar gjer dagen og tankane mine litt godt. Det er kanskje lett å halde slike ting for seg sjølv og ofte er vi nok litt for tilbakehaldene med å rose dei som nettopp er eit ekstra lysglimt eller gir ein ny tanke, tenner ein draum eller gjev ei god oppleving. Om vi tenkjer etter omgir vi oss kvar dag med små positive livstilskot som det står nokon bak. Ei kort ufullstendig liste kan for meg sjå slik ut i dag:
Magne Øvrebø gjer ein formidabel jobb med å ha perfekte skispor på Langeland til ei kvar tid. Over 500 får daglig oppdateringar om vær og føre via Facebooksida han oppdaterer.- Når det i vårt eige kulurturhus blir presentert ein nyttårkonsert med Bergen filharmoniske orkester, ein sprudlande og dyktig dirigent (der ein får tankar om at ho må ha vore innom balletthøgskulen ein svipp), og gode solistar, veit eg det er mykje krefter som lagt ned i arbeid for å gje oss dette.
- Eit ektepar vi perifert kjenner til har solgt unna og satsa alt på draumen. Kjøpt ein vingard i Italia og inviterer gjester til sommaren. Det er lett å la seg inspirere.

- Nokre vener viser att nye faser gjev nye og spennande moglegheiter, om ein vågar… Med ny jobb og lause teltpluggar blir ikkje livet hermetisert.
- Eiga kone er også inspirasjon på meir enn ein måte. Når ho no på nytt ser fram til ein lengre jobbperiode i utlandet veit eg at det også for meg vil bli mange gode gjensyn med både stader og medmennske i hennar “andre liv”.
Lista kan nok bli lang om ein tenkjer etter. Kanskje det med å oppgløde kvarande ikkje er så dumt nyttårsforsett?

