Å starte 1. januar er kvart år tankefullt. Bak ligg eit år som går inn i arkivet med det vi
valde, det vi ikkje valde og det som var der utan vår påverknad. Framfor ligg planar, draumar og alt det som berre kjem til å skje. TV er ikkje den gjenstanden som blir tilgodesett med mest av mi fritid, men i går og i dag har det formidla tre gode tankar for det nye året.
- ”Samtalen er ikkje puslete greier”, sa Kongen i sin nyttårstale. Dette er visdom som er viktig å bli minna om. Å tale saman er ein grunnstein som både gjeld svært lokalt i heimen, i jobb og fritid, og ikkje minst i møte med det nye, det ukjente, det vanskelige og det uforståelige.
- Statsministeren følgde opp med viktige ord og mellom anna oppfordra oss til å vere ”digitale nabokjerringar”. Kvardagen vår er meir og meir digital og vi treng påminninga om å ta vare på kvarandre også i vår digitale omgong. Eit ope samfunn er sårbart. Vi treng å vere på vakt mot alt som truar og bør frimodig rettleie kvarandre.
- Den tredje tanken kom med full kraft når Lars Monsen på nytt la ut på grenselaus ekspedisjon saman med eit sterkt reisefølgje. Dei fleste grensene er det kanskje vi sjølv som set.
Det er ikkje puslete greier å starte på eit nytt år, lukke til!

