Etter kvart som andre medie tek fleire og fleire funksjonar merkar eg at bloggen min sakte men sikkert fasar ut. Men også i år summerar eg opp nokre innlegg.
- Det er skummelt når eit høgdepunkt kjem allereie i introen, men eg var budd på at det kanskje det kom til å bli tilfellet når kammerat Jarand og eg allereie i januar pakka for ei skiveke i La Grave i dei franske alpane. På den andre sida var det jo ikkje dumt med eit slikt høgdepunkt tidleg, det varte jo heile året
- I påska var det igjen klart for nye 5 mnd. i Montenegro for Torunn. Resten av oss slo følgje ei vekes tid for å sjå ho godt på plass, og få eit gjensyn med eit flott land og folk.
- Når Torunn var på plass ned i lånda var det jo meir enn nokon gong duka for gutesysler. Det starta med ein storarta tur på Skåla ein vakker vårdag.
- Deretter vart det The Wall i London saman med Mats. Litt vanskeleg å døme kven som hadde det best.
- Når ein snart er 50 er det jo berre å prøve det ein innerst inne har hatt tankar om. Eg starta litt forsiktig med deltakig i mitt første motbakkeløp. Var ikkje så stor sjanse for å møte naboer eller andre i Lærdal, til gjengjeld vart det fantastisk fiskesupe hos Torunnslekta etter ein tur på Storehaugen.
- Etter 20 år i folkehøgskulen var det godt å oppleve at ein både kunne brukast, og at det flott med eit liv også utanfor. Så i mai var det svart på kvitt over.

- Slutt vart det også på vikariatet som arrangementssjef ved Førdefestivalen. Spennande og spesielt å jobbe eit heilt år med tilrettelegging av nokre dagar i juli. Fallhøgda var jo absolutt til stades så det var godt å runde av med ei god kjensle, pakke sekk og Mats og innta Montenegro igjen. Mats hadde denne gongen med seg kammerat Sivert, og dermed såg vi ikkje allverden mykje til han.
- Men det vart ein historisk kort ferie. Engasjementet i Førdefestivalen gjekk til 1.august og den nye jobben starta 1. august, men takka vere ein del opparbeidd avspasering og ei veke utsetting hos fylkeskommunen vart det likevel nokre timar.
- Vikariatet som koordinator for Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane føyer seg godt inn i øvingane med bratte motbakkar. Enkelte av oss likar desse utfordringane…
Sjølv om kanskje fritidsproblem ikkje er noko påtrengande for tida har Torunn og eg fått med eit nytt semester i Førde kammerkor. Flott oppleving å få vere med på storprosjektet Mozarts requiem.
“Ka ska eg velge- årå går så fort” syng Sigvart. Nokon val har ein gjort, noko er kryssa ut, men det er enno mykje meir på lista så eit nytt år kjem godt med.
God jul då, og lukke til med det som ventar
Øyvind



