På nokre kursdagar no i veka vart det mellom anna poengtert at vi må halde oss under 40. For ein som nærma seg 50 kunne dette lett bli ei påminning om at tida renn. Det var ikkje maset om å halde seg “evig ung” som hadde nådd fylkekommunen, det handla sjøvsagt noko anna. Det var om liks. Når eg no har vore på kurs kan eg berre strø rundt meg med omgrepet og late som dette er noko alle har på ordlista si, men sjølv om eg har vore bort i omgrepet før var det ei kjærkomen påminning. Liks står for lesbarheitsindeks, eller kor lett eller vanskelig ein tekst er å lese. Utfordringa for alle som skal formidle noko skriftleg er å gjere dette på ein måte som gjer
at det er mest mulig tilgjengelig for dei ein henvender seg til. Frå byråkratiet får vi vist eksempel som sjølv dei mest lærde har vanskar med å knekke koden på, men også for alle oss andre er det ei god påminning å ordlegge oss forståelig. Førelesaren vår hadde ein fjortenåring han tenkte på for å sikre seg at ting blei forståelig. Kanskje eit brukandes språkvaskeprogram?
P.S. Sjekka at liks på denne teksten er 35 og dermed innanfor


Tøft verktøy! Særleg når eg fell innanfor det som kallast lettlest, faktisk barnebok-kategori (22) Men kanskje ikkje det er så bra….