Dei siste månadane har bydd på mykje nytt og gjevanede. I samband med at hovudsponsor for Førde kammerkor utfordra koret til å bidra med ein gjesteblogg tenkte eg at det kan jo vere greitt å prøve å systematisere litt av det som rører seg, så eg hoppa i det. Den eine tanken er knytt til dei nye utfordringane med å vere nytilsett i fylkeskommunen. På ei samling fekk vi eit sveip over mykje av kva og kven fylkeskommunen er. Dette er ikkje lite, men det var først og fremst fylkesordføraren sit velkomstord som festa seg. Han viste til visjonen “Livskvalitet og nyskaping” som svevar høgt over det som rører seg i fylket. Dette tok eg med meg og grunda litt på det. Spesielt det med livskvalitet. For det er jo det vi strebar etter å tilføre liva våre, kvalitetar som gjer at vi trivst og som gjer at vi kjenner oss verdfulle og nyttige.
I haust tok eg til igjen i Førde kammerkor etter eit års pause. Det store målet for haustøvinga er framføring av Mozarts requiem i november. Og dette er jo rett inn i kvalitetsomgrepet. Dette er noko nokon av oss gjer, brukar tid, krefter og ressursar på og som ikkje gir ei krone i avkastning. Det heile handlar om ein annan kronelaus konto; livskvalitetskontoen. Å arbeide med kultur på heiltid kjenner eg er ei svært priviligert oppgåve. Det er som å vere forvaltar av livskvalitet, og eg trur kanskje at det med ei krone avkastning ikkje stemmer når vi tenkjer oss om. Skal vi trivast, vere stolte av heimstaden, bli verande og ynskje å ha arbeid vårt her, så er det avgjerande at vi opplever livskvalitet. Og då blir jo reknestykket eit anna.
God helg, eg skal føreta eit innskot på kontoen og tek meg ein rusletur i haustfjellet med hunden



[...] fått med eit nytt semester i Førde kammerkor. Flott oppleving å få vere med på storprosjektet Mozarts requiem. “Ka ska eg velge- årå går så fort” syng Sigvart. Nokon val har ein gjort, noko er [...]