Åra har ein tendes til å gå, og tida med dei. Kva innhaldet er kan nok variere. Ofte tenkjer vi kanskje at vi godt kunne vore ein annan stad, i ein annan samanheng, eller kanskje i lag med nokre andre. Men om ein snur på det og ser på kvar ein er, og kven ein har rundt seg, så har nok dei fleste av oss ting vi kanskje tek for gitt, men som eigentlig er med på å gje oss eit meinigsfullt og opplevingsrikt liv.
Vi menn er jo gjerne kjent for å lage lister for både det eine og det andre, så eg smell til med ei lita over små og store nærliggande gleder:
- I helga fekk vi med oss ein 50 årsdag til ein god ven. Det er ikkje lite å få vere med på ei slik hending. Ha gode vener, treffe kjente og ha ein god kveld.
- På ein av mine heller sjeldne handleturar traff eg eit fint par. Ein kollega hadde tatt med ei venninge, som for tida sit i rullestol, på handletur. Det var fint å sjå, og det set mange tankar i sving…
- Gleda av å sjå at ein gamal kammerat som endelig hadde sett nytta av å “Få meg på..” Facebook.
- Spele plata “Høstsløv” med Arild Andersen, Frode Alnes og Stian Karstensen. Plata vart til ved at dei hadde ei god stund med venskap rundt eit rikhaldig bord av haustens rettar og vin, før dei sette seg i studio og forfatta denne plata.
- Middag saman med dotter og kjærast, på perm frå militæret. Ein kjenner seg om ikkje gamal så i alle fall vaksen og priviligert….
- Det vart tid til ein kort bursdagskaffi til nevø med treff av familie. Ikkje alltid ein treng kvantitet for å få kvalitet.
- Ein kort joggetur før frukost, til akkopagnement av Mozarts Requiem som bør lyttast på til øving måndag med kammerkoret.
- Møtte ein kamerat, han hadde samla nokre musikarvener til samspel i helga. Resultatet gler eg med til.
- Nokre kilometer rusletur med kona og hunden er god psykologi, mest kona…
- Når Sogndal slår Brann kjenner eg at eg blir glad. Ikkje fordi eg er så veldig engasjert, men fordi eg veit eg har ein svoger som er det og at han og familien nok har ein fin kveld…
- I same andedrag må eg også orientere meg mot korleis det går med Molde. Når det går deira veg har eg ein god kammerat som eg veit har det godt.
Eg ynskjer ikkje å framheve mine ting, men ynskjer meir ei oppfordre oss til å sjå litt rundt. Vi har nok mange småting som til saman gjer at vi ikkje har det så verst:)
God veke!

