Første skuledagen hugsar vel dei fleste. Eg var vel ikkje fullt så spent i dag som då, men første dag som Koordinator for Den kulturelle skulesekken bar likevel litt preg av det same. Rett nok blir utfordringa no veldig annleis enn den gong. Framover vil det bli å gjere ein så god jobb som mogleg for at alle som startar på skulen skal få eit godt kulturtilbod i løpet av dei åra dei har føre seg. Sogn og Fjordane har, sidan starten for 10 år sidan, vore med å utforme dette tilbodet som etter kvart fekk nemninga Den kulturelle skulesekken. Kultur har i den seinare tid også i større utstrekning vore drøfa i samband med helsevernet, så det ligg spennande ting framfor.
Men møte med ny arbeidsplass er møte med så mykje meir.
Nye flotte kollegaer og nytt kontor, der eg til og med fekk utveksle litt iPad app`ar med Øyvind på sidekontoret, og treff med mange kjende i felleskantina som er eit viktig sosialt møtepunkt for “Storehagen atrium”, som kontorbygget heiter. Om du vil ha ein liten kikk innom dette flotte bygget kan du jo bla gjennom siden 58-61 i dette designbladet…
Og som om ikkje det var nok veks “bytreet” rett utanfor vindauget mitt. Treet er mykje omtala sidan det føreligg kommunale planar som ikkje har dette med i gatebildet, og mange har engasjert seg for å ta vare på denne mjuke historiske perla.
Den første dagen med skulesekken var altså full av gode inntrykk, så håpar eg å kunne vere med å fylle skulesekkane til born og ungdom med god kultur i tida framover.


[...] som koordinator for Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane føyer seg godt inn i øvingane med bratte motbakkar. Enkelte av oss likar desse [...]