Eit års hospitering i Women`s world er over. Å jobbe eit heilt år mot eit fire dagars mål har vore særdeles interessant, lærerikt, utfordrande og gjevanade. Eit år saman med ein flott bukett kollegaer og med ein strålande sjef, resulterte i ein festival av godt merke som punktvis vert oppsummert slik:
- samla besøkstal på festivalen i år vart 25000

- samla billettsal 14000
- 270 artistar frå 27 land
- opningskonserten Women’s World samla over 1900
- 25 utanlandske pressefolk dekka festivalen
Knut Olav Åmås, som er kulturredaktør i Aftenposten og har ei stemme som blir høyrt i kulturnorge skriv følgjande ->
Oppsummert kan vi på sunnfjordsk vis difor strekkje oss til å hevde at “ditta smakte no ikkje so gale”. Det er fint å få vere med i eit team som har som mål å formildle kultur frå den vide verda, kultur som også har eit sterkt ynskje om å vere pådrivar for betring av tilhøva rundt både sosiale og politiske tilhøve.
Når det i tillegg også dukkar opp hendingar som rett og slett har musikkhistorisk sus over seg, må eg rett og slett leite fram “likar veldig” knappen
P.S. Mykje blir med vidare, men å få frisørtimen inn på den delte kalendaren vil eg nok framleis vegre meg frå
Då byter eg du e`en med ein a, og loggar på Womans world!



Kva skjer no og vidare framover?
Litt ferie så tek eg til som koordinator for den kulturelle skulesekken i s & fj.
Omtalen i Aftenposten var jo veldig hyggelig
[...] vart det også på vikariatet som arrangementssjef ved Førdefestivalen. Spennande og spesielt å jobbe eit heilt år med tilrettelegging av nokre dagar i juli. Fallhøgda [...]