
Har for så vidt vore nede og tatt telling mht. folkehøgskulejobben i og med eit år permisjon.Men det var vel kanskje først når stillinga var utlyst i dagens avis at “game over” lampa blinka for alvor.
Veldig mykje kan oppsummerast etter 20 år, ein har trass alt brukt heile sitt vaksne liv i dette miljøet, og mykje av det ein har lært og erfart kjem frå denne tida. Nokre stikkord kan jo vere:
- At eg har følgt utviklinga frå ingen PC til trådlaust nettverkpå internatet.
- Har akkomagnert til rundt 10000 allsongar
- og har hatt ca 3800 skuledagar
- med ca 1500 elevar
- Kjøpt 2 nye minibussar og vore med på å slite dei ut.
- Så har ein sjølvsagt gjennom åra fått mange mange gode vener og bekjente av kollegaer og elevar, og det er jo heldigvis ikkje noko som er knytt til ein stad eller eit kontor.

