Om ikkje heilt så vart det nesten himmlfart i dag. For første gong i historia stilte eg til start i konkuranseklassen i eit toppløp. Eg fann ut at eg måtte litt utanom stovedøra så det vart Storehaugen opp i Lærdal. Prata med ein annan førdianar før start og lurte på om det var mange sambygdingar men han meinte vi holdt oss under kvota på 5.

Eg hadde to målsetjingar for turen:
- Å ikkje bli først
- og ikkje bli sist
Den første såg eg kom til å gå bra etter ca 14 meter, den andre måtte eg jobbe meir med. Regn i Førde før avreise og flott vårdag i Lærdal med gløtt av sol gjorde at eg etter kvart var godt nøgd med valet. Sjølvsagt tenkjer ein nokre ikkje oppbyggelege tankar undervegs opp dei 900 høgdemetra om kor idiotisk det går an å bli, betale for å slite ein uendelig lang og bratt motbakke i kø? Men når målstreken er tørna på toppen og pusten er funnen igjen, så har den mentalhygieniske tilstanden i løpet av sekundar vore utsett for ein merkelig makeover.
Ekstrabonus var det å få ta ein dusj og få nyyydelig middag hos Torunn-slekta i Lærdal!


[...] Når ein snart er 50 er det jo berre å prøve det ein innerst inne har hatt tankar om. Eg starta litt forsiktig med deltakig i mitt første motbakkeløp. Var ikkje så stor sjanse for å møte naboer eller andre i Lærdal, til gjengjeld vart det fantastisk fiskesupe hos Torunnslekta etter ein tur på Storehaugen. [...]