Nokre dagar i London med Mats minstemann greidde vi fint. Med felles interesse for det meste gjekk mykje bokstavelig tala på skinner…
Ugløymelege musikkopplevingar, Mac-store i 4 etasjar, verdshistoria på British museum, 5 minutt kleshopping = 5 plagg, einaste alvorlige missen var at pocketboka vart med i innsjekka bagasje på heimturen.
Utbytte: Opplevingar og oppgraderingar for både kunnskap og venskap. Kan summerast opp med Mats sin kommentar for nokre år sidan når to fedre og to gutar var på tur og vi hadde det bra; E dette ei sånn dere far-sønn greie pappa?
Sånn far-son greie
mai 17, 2011 av Øyvind Høstaker


Her sit eg å kikkar litt rundt på wordpress og plutseleg dukkar det opp eit kjent fjes frå året i Førde. Artig!
Det ser ut til at de har hatt ein flott tur til London. Den byen har verkeleg noko for alle!
Beste helsing
Anne frå 04/05-kullet
Hyggelig, spennande CV du bygger opp
Ø
Hehe… Jo, er forsåvidt nøgd med CVen sålangt. Fører den til jobb i løpet av dei neste mnd også så er alt perfekt! Uansett så ser det ut til at det blir ein tur til Førde for å halde foredrag om bærekraftig reiseliv for den nye reiselivsklassen. Det er nok eit tema dei fleste reiseglade syns er både interessant og viktig.
Håpar alt står bra til!
[...] vart det The Wall i London saman med Mats. Litt vanskeleg å døme kven som hadde det [...]