kl 06.00 var kroppen innstilt på noko anna enn å sove. Dagen var planlagt for årets kanskje siste topptur; Skåla, (nordeuropas tøffaste motbakkeløp). Riv ifrå gardinene for å sjekke at det er perfekt. Etter god frukost er det berre å dure oppover langs jølstravatnet med rimelig bra nivå på lydanlegget. Over utvikfjellet viser målaren 13 grader, og det før kl 9, dette blir ein dag! Avtalen med Jarand har vore klar ei tid, han kjem på direkten frå nord og møter i Loen kl 9.30. I Utvik ser eg nordfjorden brettar seg ut, dette ser ikkje ut til å kunne bli betre.. I Olden ser eg rett over på Skåla, og eg likar det eg ser…
Nedturen kjem i det eg parkerar, telefon gjev lyd og Jarand er i andre enden; Haveri i Oppdal i natt, kjem ikkje før til kvelden…
Vel, då var det berre å hive skia på skuldra og legge i veg, åleine, opp norges lengste motbakke. Etter å ha rista av meg den litt kjedelige situasjonen var det å konsolidere stillinga og sjå kva dette kan bli? Og det vart rett og slett flott. Tok bakken i jamt trav, lytta gjennom nokre Stingplater som var lenge sidan sist, fekk filosofert nokre timar, og hadde det veldig bra.
Det vart ein frigjeringsdag; tenk å kunne vandre rundt i slik natur, og vere i stand til det, oppleve at det er krefter til å nå toppen, kruse eit nedrenn på 1200 høgdemeter, helse på nokre kjente og få eit par nye. Fridomsopplevinga var sterk. Mange definisjonar kan nok gjevast på fridom, min er at fridom er å vere fri frå alt det som ikkje skal vere i livet. Er ein det og samstundes kanskje ser og nyttar det som ligg rundt ein, så er livet ikkje så verst



Hørtes ut som en bra dag og en bra tur
Hans Martins kommentar var når jeg leste hvor du hadde vært: “Flaten… savner de mulighetene…”
God vår! Else-L.
Det var alt anna enn flaten kan du helse han med
[...] Når Torunn var på plass ned i lånda var det jo meir enn nokon gong duka for gutesysler. Det starta med ein storarta tur på Skåla ein vakker vårdag. [...]