Det er rett og slett ikkje heilt lett å halde stoltheita tilbake når Fredrik denne veka står på scena på Chat Noir med musikalen Cabaret. Han er andre års student på Bårdar internasjonal men med i ensemblet av tredjeårsstudentar som fyller salen i 14 dagar. Når han i tillegg blir hevda å gjere ein merkbar jobb må vel ordtaket “eplet fell ikkje langt frå stammen” ha fått eit godt skot for baugen. Foreldra vil nok få med seg ei førestilling før det heile er over og den spanande reisa vidare tek til.
Eg er nok ikkje av dei kjappaste sjølv om eg rett som det er føler meg nokolunde ajour. Vel, saka er den at
kollega Øyvind (forresten ganske velklingande namn…) i dag, litt sånn dagligdags, nemnde at det funka jo veldig fint med Belkin på anlegget heime. Belkin, Belkin, hjernescellene scanna harddisken men det ringde inga bjelle og eg måtte gå på nederlaget og be om ei utgreiing.
- Belkin er rett og slett ein liten dings som du koblar rett inn på stereoanlegget på anten ein CD, Phono eller liknande inngang.
- Når den er kobla kan du sende musikk via Bluetooth fra iPhone, PC, Mac eller kva du måtte ha.
- Det bar rett på El Kjøp etter jobb, og såg vel kanskje for meg at det ville ta store delar av kvelden å få dette til å virke.
- Men det fungerte omgåande, sette i kontakten fann den på iPhonen, spelte musikk.
- Ingen installerting, alle einingar med bluetooth får den fram t.d. telefonen.
- Og prisen var nesten det beste med heile greia 299,- på El Kjøp
Er innstilt på at det kan kome kommentarar som tyder på at eg burde ha skaffa denne for eit halvt år sidan, men betre seint enn aldri. Og eg gjer i alle fall ikkje som alle dåkke andre med unntak av Øyvind, og held det for seg sjølv!
Sidan eg har både iTunes og Spotify på telefonen blei låtarkivet med eitt både større og meir medgjerleg, let the music take you!
Posta på Ikkje kategorisert | Legg att ein kommentar »
Vi treng alle oppgløding både til å vere gode medmenneske og til å gjere gode ting. Det dukkar rett som det er opp nokon som eg merkar gjer dagen og tankane mine litt godt. Det er kanskje lett å halde slike ting for seg sjølv og ofte er vi nok litt for tilbakehaldene med å rose dei som nettopp er eit ekstra lysglimt eller gir ein ny tanke, tenner ein draum eller gjev ei god oppleving. Om vi tenkjer etter omgir vi oss kvar dag med små positive livstilskot som det står nokon bak. Ei kort ufullstendig liste kan for meg sjå slik ut i dag:
Magne Øvrebø gjer ein formidabel jobb med å ha perfekte skispor på Langeland til ei kvar tid. Over 500 får daglig oppdateringar om vær og føre via Facebooksida han oppdaterer.- Når det i vårt eige kulurturhus blir presentert ein nyttårkonsert med Bergen filharmoniske orkester, ein sprudlande og dyktig dirigent (der ein får tankar om at ho må ha vore innom balletthøgskulen ein svipp), og gode solistar, veit eg det er mykje krefter som lagt ned i arbeid for å gje oss dette.
- Eit ektepar vi perifert kjenner til har solgt unna og satsa alt på draumen. Kjøpt ein vingard i Italia og inviterer gjester til sommaren. Det er lett å la seg inspirere.

- Nokre vener viser att nye faser gjev nye og spennande moglegheiter, om ein vågar… Med ny jobb og lause teltpluggar blir ikkje livet hermetisert.
- Eiga kone er også inspirasjon på meir enn ein måte. Når ho no på nytt ser fram til ein lengre jobbperiode i utlandet veit eg at det også for meg vil bli mange gode gjensyn med både stader og medmennske i hennar “andre liv”.
Lista kan nok bli lang om ein tenkjer etter. Kanskje det med å oppgløde kvarande ikkje er så dumt nyttårsforsett?
Posta på Ikkje kategorisert | Legg att ein kommentar »
Å starte 1. januar er kvart år tankefullt. Bak ligg eit år som går inn i arkivet med det vi
valde, det vi ikkje valde og det som var der utan vår påverknad. Framfor ligg planar, draumar og alt det som berre kjem til å skje. TV er ikkje den gjenstanden som blir tilgodesett med mest av mi fritid, men i går og i dag har det formidla tre gode tankar for det nye året.
- ”Samtalen er ikkje puslete greier”, sa Kongen i sin nyttårstale. Dette er visdom som er viktig å bli minna om. Å tale saman er ein grunnstein som både gjeld svært lokalt i heimen, i jobb og fritid, og ikkje minst i møte med det nye, det ukjente, det vanskelige og det uforståelige.
- Statsministeren følgde opp med viktige ord og mellom anna oppfordra oss til å vere ”digitale nabokjerringar”. Kvardagen vår er meir og meir digital og vi treng påminninga om å ta vare på kvarandre også i vår digitale omgong. Eit ope samfunn er sårbart. Vi treng å vere på vakt mot alt som truar og bør frimodig rettleie kvarandre.
- Den tredje tanken kom med full kraft når Lars Monsen på nytt la ut på grenselaus ekspedisjon saman med eit sterkt reisefølgje. Dei fleste grensene er det kanskje vi sjølv som set.
Det er ikkje puslete greier å starte på eit nytt år, lukke til!
Posta på Ikkje kategorisert | Legg att ein kommentar »


